|
Nr. 5
Årg. 1 16. mars 2009 |
Praksisnytt
Informasjon Kommunikasjon Samarbeid Praksis-Konsulent-Ordningen Allmennpraksis Sykehus Spesialistpraksis
|
|
Tilbake | Førre nummer | Neste nummer
|
Papirutgåve av Praksisnytt nr.
5 årgang 12 i PDF-format
For å kunna lese PDF må du ha Acrobat Reader. Denne kan du lasta ned fritt, sjå sida for nedlasting. |
Årlig
Ritalinmøte
Det
årlige ADHD/RITALINMØTET for allmennleger som forskriver
sentralstimulerende medisiner blir tirsdag
28. april kl 15 - 17 på BUPA, Stavanger.
Temaer
i år er bl.a. førerkort og nytt om medikamenter. Nærmere program
kommer senere.
Else Brit Strassegger, praksiskonsulent BUPA
Blålysdager
Nå er det snart tid for
Blålysdager igjen. Kurset er fulltegnet, og det er venteliste.
Neste kurs er 2-3. november.
Mer opplysninger kommer senere. Se Oppslag på PKO-web.
Ruth Midtgarden, praksiskonsulent Akuttklinikken
Nye
skjema frå SUS
SUS har sendt ut nye skjema til allmenn-legane, utan at dette er drøfta med PKO. Resultatet har vorte noko frustrasjon i allmennlegekorpset, særs av di desse skjema ikkje passar i eksisterande journalsystem (Nytt skjema frå mikrobiologen, som inkluderer PCR, samt nytt histologiskjema frå patologen). Andre problem er at svarskjema frå mikrobiologen ikkje lenger går å tekst-skanna grunna ruteboksar omkring teksten.
For ettertida bør SUS ikkje senda ut skjema utan at dette er drøfta med PKO. Gjennomgang av utforming, innhald, samt nødvendig tilrettelegging kan avverga noko unødig frustrasjon og misnøye.
For å bøta litt på dette har PKO/SUS lagt ut aktuelle skjema for WinMed, som kan hentast frå nedlastingssida på web ( http://www.pko.no/sus/PN/Nedlast.htm#WinMed ). Les bruksrettleiinga. Etter nedlasting og utpakking må skjema importerast via Admin-programmet.
Asgeir Haugedal, praksiskonsulent IT
Praksisnytt som elektronisk sending
PKO/SUS har ønske om å få sendt ut Praksisnytt i elektronisk format til så mange som råd. Mange er knytta opp mot Norsk Helsenett på arbeidsstaden, og vi ville vera takksame for å få tilsendt e-postadressa til dei som har dette. Private e-postadresser kan sjølvsagt også nyttast. Vi ber om at adresser blir sende til redaktøren, sjå nederst på framsida. Adresser er tenkt brukt berre i PKO-samanheng, vil bli handsama fortruleg og ikkje formidla vidare til andre.
Asgeir Haugedal, redaktør Praksisnytt
Elektronisk røntgenrekvisisjon
Elektronisk røntgenrekvisisjon frå WinMed til SUS og SRI har vore i bruk ei tid, men det er ennå mange legekontor som ikkje har installert denne, av ulike grunnar.
Vi har testa ut modulen i lenger tid, og han verkar fungera stabilt og raskt. Også MediLink-brukerar kan installera denne modulen, men må få litt hjelp av MediLink etter installasjon før alt fungerer heilt knirkefritt.
Modulen ligg ferdig med nødvendige
forklaringar på nedlastingssida til PKO/SUS. Førebels er det ikkje
automatikk i påførsel av kreatininverdi/eGFR ved kontrast CT/MR, men vil
koma i seinare oppdateringar. Dette må altså førast inn manuelt, nett som i
papirversjonen. Hugs også å skriva ut papirversjon i tillegg til elektronisk
bestilling ved ø-hjelp samt drop-in i Hillevåg.
Kvifor bør vi så bruka denne modulen flittigare?
SUS får rekvisisjonen raskare.
Mindre feil, ingen manuell feil ”punching”.
SUS rtg. sparer ressursar som kan nyttast på andre
område.
Ved ø.hjelp blir pasienten raskare ekspedert, då alt
er ferdig registrert når pasienten kjem til sjukehuset.
God oppleving å trykka ”Ok”knappen og sleppa papir.
Dersom
administrator ved respektive legekontor opplever klatt ved/etter installasjon,
kan ein ta kontakt med underteikna. Adresse og telefon finst på www.pko.no/sus
Samleside for skjema på PKO-web
Mange kontor har nå
tilgang på web via Norsk Helsenett. For desse vil vi gi tips om flittig bruk av
www.pko.no/sus der det ligg oversikt over
ventetider, oversikt over hospiteringsopplegg, oversikt over aktuelle
praksiskonsulentar som kan kontaktast ved spesifikke eller generelle
samhandlingsproblem.
Vi har også laga ei skjemaside,
som førebels er litt mager. Sjå på sida, og kom gjerne med forslag til fleire
skjema, som så kan lastast ned og skrivast ut på laserprinter etter som ein
treng det. På denne skjemasida ligg også lekkjer til andre skjemasider på
NAV, Statens legemiddelverk, Fylkeslegen samt SHdir og Relis for melding av
biverknad. På denne sida ligg også oversikt til aktuelle NAV-sider for søknad
av refusjon for preparat som ikkje går under §2, men må søkast på §3.1
(alfabetisert preparatliste), §3.2 eller §5.22. Her ligg også peikar til den
såkalla ”negativlista”, dvs. preparat som ikkje blir dekte under §5.22, og
som stadig blir lenger…