Nr. 7  Årg. 8

21. april 2005

Praksisnytt

Informasjon         Kommunikasjon           Samarbeid      

Praksis-Konsulent-Ordningen

Allmennpraksis         Sykehus         Spesialistpraksis

 


Tilbake

Papirutgåve av Praksisnytt nr. 7 årgang 8  i PDF-format

For å kunna lese PDF må du ha Acrobat Reader. Denne kan du lasta ned fritt, sjå sida for nedlasting

HEILE PSYKIATRISK KLINIKK ER NÅ DEKKA AV PRAKSISKONSULENTORDNINGA

Psykiatrisk klinikk er ein stor og viktig samarbeidspartnar for primærlegetenesta. Det har difor vore eit sakn at det berre er BUP som har hatt praksiskonsulent tidlegare. Nå er Eivind Vestbø ( kommunelege i Finnøy) tilsett som praksiskonsulent for resten av klinikken. Dette er eit svært arbeidsområde sidan Psykiatrisk klinikk er den største i helseføretaket med ca.1250 tilsette eller 972 årsverk, 358 heildøgnsplassar og 76 dagplassar. I 2004 hadde klinikken 58.693 polikliniske behandlingar, 106.011 opphalds-døger og 26.259 opphaldsdagar. I tillegg kjem at klinikken har gjennomgått ei stor omorganisering, og skal nå gjennom ein ny runde med nyorganisering og oppbygging av DPS strukturen.

Det seier seg sjølv at det må prioriterast strengt i ein slik situasjon. Praksiskonsulent-arbeidet i helseføretaket tek delvis utgangs-punkt i fysisk nærver ved dei einskilde avdelingane, delvis gjennom saker som blir tatt opp frå den einskilde avdeling eller primærlege i høve til avdelinga, eller det er fellessaker om samarbeid som praksis-konsulentane drøftar og prøver å løysa i fellesskap.

Når det gjeld psykiatrisk klinikk, er fysisk nærver fåfengt. Praksiskonsulenten blir difor prisgitt gode innspel frå fastlegar og fagleg ansvarlege på dei einskilde avdelingane. Det er avgjerande at ros og ris, framlegg til forbetring og viktig informasjon til og frå sjukehus og allmennpraktikar blir kanalisert gjennom PKO og Praksisnytt. Klinikken skal vera klar over at all informasjon i Praksisnytt er lagra elektronisk og kan søkast på av fastlegen. Dermed får den ein heilt annan oppslagsverdi enn informasjon i brevs form.

Når det gjeld prioriteringar, vil sjølvsagt innhaldet i dei to viktigaste samarbeids-dokumenta, epikrise og tilvising, få høg prioritet. Epikrisetid og innhald kan nok bli betre frå klinikken si side, og tilvisingane har også her vekslande kvalitet. Dei lid ofte under behov for breiare faktagrunnlag enn det som ligg i den akutte innleggings-situasjonen. Klinikken har ein komplisert organisasjon, og PK må vera pådrivar for at dei mange tilboda skal blir godt nok kjende. Elles bør det jobbast for at fastlegen ikkje blir perifer i ettervern og planar. Dessutan dukkar det lett opp problem i omsorga for felles pasientar. Klinikken vil snart koma med ein orientering i Praksisnytt om dei ymse tilboda knytt til inngangsportar i klinikken og kvar tilvisingane skal sendast.

Men aller viktigast er: Både fastlegar og fagleg ansvarlege i klinikken må koma med innspel! Alle vil bli tatt i mot med takk. Klinikken har store forventninga til ordninga og vil på beste måte sørga for at innspela blir nytta i kvalitetsforbetringsarbeidet.

 

Inger Kari Nerheim                                                           Eivind Vestbø

Klinikkdirektør                                                                  Praksiskonsulent

Til toppen

Den gode tilvising i WinMed 

Praktiske råd for å bruka ”Den gode henvising” i WinMed journalprogram for allmennpraksis.

 

Første val er ”Korr”, deretter ”Henvisningstype” og til slutt ”Den gode henvisning”. Jfr. ovanståande figur.  

Det er særs to viktige rubrikkar i denne henvising som medfører auka kvalitet i skrivet: 

 

 

1: Presisering av kvifor ein har tilvist.
2: Vurdering/indikering av hastegrad

 

Ved å ta i bruk ”Den gode henvisning” vil venteleg mottakande lege på SUS få betre grunnlag for å gjera rett prioritering i høve til pålagd vurdering som skal gjerast innan gitte fristar.  

Punkt 2 ovafor er sjølvsagt ikkje bindande, men er å sjå som ei saksopplysing. Tilvisande lege må ikkje misbruka dette, men nytta feltet på objektivt grunnlag. 

PKO SUS

Til toppen

Tilbake