Rogaland Fylkeskommune

Nr  3

Årg. 1

14. des.

1998

 

Praksisnytt

Informasjon         Kommunikasjon           Samarbeid       Praksis-Konsulent-Ordningen

Allmennpraksis         Sykehus         Spesialistpraksis

Sentralsjukehuset

i

Rogaland

 


Tilbake

Omfordeling av oppgåver - nyttig for alle

Vi har lenge snakka om eit meir rasjonelt opplegg i arbeidsfordelinga mellom poliklinikkane og legane i praksis. Etter kvart vil vi her i Praksisnytt koma med framlegg til rettningsliner for ei slik ordning. Vi vil ikkje med dette velta endå meir arbeid og ansvar over på allmennpraktikaren! Dette gjeld meir ei omfordeling av arbeid. Både pasientar og allmennpraktikarar vil vera tente med ventelister som kan kortast ned ned fordi nokre av kontrollane kan flyttast ut frå sykehuset. Allmennpraktikaren ser allereie mange av desse pasientane fleire gonger i året i høve andre sjukdommar!

Pasientar med kroniske og alvorlege sjukdommar er ei gruppe allmennpraktikarane bør ta seg godt av og ha jamn kontakt med. I nokre høve er ikkje dette så lett fordi repeterande behandling blir gitt ved sjukehuspoliklinikken. Dømer er behandling med cytosta og årelating ved hemokromatose. Fleire allmennpraktikarar har i einskilde høve tatt på seg slik behandling etter avtale med poliklinikken. Andre har vegra seg på grunn av tidspress og kjensle av uro mellom anna i høve til handtering av cytostatika. Med god planlegging og rettleing er det liten grunn for slik skepsis. Dei av oss som har røynsle med denne behandlinga og som har fått god oppfølging frå sjukehuset, opplever oppgåva som meiningsfull og god praksis.

Etter kvart vil vi velja ut og systematisera nokre behandlingsregime som er godt eigna til gjennomføring ute på legekontora. Spesialisten vil stå for indikasjonsstilling og responskontroll. Det vil bli laga retningsliner for praktiske prosedyrer, tryggleik og overvaking av behandlinga. Allmennpraktikaren vil få dette tilsendt med oppmoding om å melda tilbake om det er interesse for å ta del. Sjukehuset vil ta direkte kontakt når dei har ein aktuell pasient.

 

Epikrise - form og innhald

Allmennpraktikaren har dei siste 10-15 åra fått eit stadig større ansvar når det gjeld behandling og oppfølging av store pasientgrupper med kroniske og til dels alvorlege sjukdommar. Krava er aukande når det gjeld fagleg oppdatering. Godt samarbeid mellom allmennpraktikar og spesialist er ofte avgjerande for kvaliteten på behandlinga vi byr pasienten. Allmennpraktikaren treng god rådgjeving. Gode epikriser er i denne samanheng sannsynlegvis det viktigaste dokumentet vi har! Gjennom ei god epikrise overfører spesialisten kunnskap og gir råd om vidare behandling av sjukdommen.

Elektronisk overføring av epikriser står på terskelen. Formen på dokumentet må etter kvart bli slik at vidare handtering går greit i allmennpraktikaren sitt journalsystem. Skrivaren må få med vesentleg av informasjon utan at dokumentet blir for ordrikt. Sjukehuslegen klager med rette når dei får ei ustrukturert tilvising som i verste fall er bevisstlaus kopiering av pasientjournalen. Allmennpraktikaren liker like lite å få journalkopi med vedlegg som epikrise!

Praksiskonsulentane arbeider med dette og vil i tida framover koma med råd slik at epikrisen blir best mogleg for pasienten og pasienten sin faste lege. Slik vi ser det, treng ikkje dette bety meirarbeid for sjukehuslegen. Kanskje må legen tenkja annerleis og prioritera den informasjonen som legen ute verkeleg treng for å kunna ta hand om pasienten på best mogleg måte. Det må koma klart fram kven som har ansvar for kontrollar og kva desse ut frå faglege kriterium bør innehalda. Kva er planlagt i tida framover for pasienten? Korleis er prognosen? Kva kan vi venta av vanlege komplikasjonar i høve til sjukdommen og behandlingsopplegget? Kva informasjon er gitt og kven har fått denne?

 

Abortus provocatus - tilvising til KK

Emnet var omtala i Praksisnytt 2/98. 2 veker seinare tek poliklinikken imot fleire tilvisinger der legen ikkje har gjort gynekologisk undersøkelse. Nå må vi skjerpa oss!

 

Akuttmottak - melding om innlegging

Sjukepleiarane i Akuttmottak ber legen som legg inn sjølv ta direkte telefonisk kontakt for å melda pasienten. Dette sikrar kvaliteten på dei opplysningane sjukepleiaren i mottaket treng for planlegging av vidare tiltak Når andre enn den som har sett pasienten melder, blir ofte dei medisinske opplysningane mangelfulle.

I tillegg til telefonisk førehandsmelding, skal pasienten ha med seg skriv frå innleggjande lege.

Det er til vanleg ikkje akseptabelt med innlegging utan at pasienten er undersøkt og vurdert av legen ute. Legg ned arbeid i å få fram opplysningar om gjeldande medisinbruk! Ikkje send pasientar til sjukhuset med brevet i handa utan å ha meld frå på førehand!

Tilbake

 

Praksiskonsulentane

 

ønskjer

 

alle medarbeidarar

 

ei riktig

God Jul

Pål Hjort          Randi Medhus       Øyvind Ziesler

 

 

Inger Skretting Opstad          Olav Thorsen

 

 

Asgeir Haugedal      Dagfinn Carlsen         Eivind Vestbø